KSL og dokumentasjon
Vernerunde, risikovurdering, avvik og ei konkret tiltaksliste som er lett å følgje opp.
Praktisk hjelp med vernerunde, risikovurdering og beredskapsplan, tilpassa drifta og kvardagen på garden.
Lokalt, praktisk og tilpassa drifta på garden.

Brann, maskiner, dyr, kjemikaliar, farlege gassar og krevjande arbeidsoppgåver gir eit samansett risikobilete. Gode rutinar og enkel dokumentasjon kan førebyggje ulukker og gjere det lettare å handle rett når noko skjer.
Vernerunde, risikovurdering, avvik og ei konkret tiltaksliste som er lett å følgje opp.
Sløkkjeutstyr, rømming, el tryggleik og brannfarlege aktivitetar på garden.
Varsling, møteplass, dyreevakuering og nyttig informasjon til nødetatane.
Me går gjennom dei viktigaste risikoforholda saman med deg, og samlar funn og tiltak i ei form som er forståeleg og nyttig i den daglege drifta.
Start med ein uforpliktande samtale om drifta, behova og kva du allereie har på plass.
Me tek utgangspunkt i garden slik han faktisk blir driven, og prioriterer dei tiltaka som har størst betydning først.
Me avklarar driftsform, bygningar, dyr, tilsette og særlege risikoforhold.
Me går gjennom garden saman og ser på praktiske forhold, rutinar og dokumentasjon.
Du får ei oversiktleg tiltaksliste, med dei viktigaste tiltaka først.
Ved avtale får du vernerunde, risikovurdering og beredskapsplan samla digitalt.
Målet er å gjere det enklare å halde oversikt, dokumentere gjennomførte kontrollar og følgje opp tiltak i kvardagen.
Vest Tryggleik utfører ikkje formell KSL revisjon og godkjenner ikkje garden. Me hjelper med praktisk kartlegging, dokumentasjon og førebuing. Bonden er sjølv ansvarleg for å gjennomføre og rapportere den årlege eigenrevisjonen i KSL.
Vest Tryggleik byggjer på operativ erfaring frå brann og redning, leiing, nødmeldeteneste og tekniske fag. Me veit kva informasjon nødetatane treng, og kva tiltak som fungerer når ei hending faktisk oppstår.
Omfang og pris blir avtalt på førehand, basert på storleiken på garden, driftsforma og kva dokumentasjon du ønskjer hjelp med.
Eventuelle reiseutgifter blir alltid avtalte på førehand.