Kjøpsvilkår for bedriftskurs
Kjøpsvilkår for bedriftskundar, versjon 2026-10-06.1
Vest Tryggleik er eit marknadsnamn for Medhus Elektro AS, org.nr. 929 335 791 MVA. Medhus Elektro AS er seljar og avtalepart for kurskjøpet. Faktura blir utferda av Medhus Elektro AS. Kontakt: post@vesttryggleik.no.
Kjøpet gjeld personlege plassar på nettbaserte teorikurs. Bestillaren stadfestar at kjøpet skjer som ledd i næringsverksemd og at vedkomande har fullmakt til å binde verksemda.
Bestillinga blir bindande når bestillaren trykkjer «Bestill med betalingsplikt» og ho er registrert i portalen. Den viste ordresummen, kursa, talet på plassar og vilkåra blir lagra. Prisane er i NOK. 25 % meirverdiavgift er vist særskilt før kjøpet. Det er ingen abonnement eller automatisk fornying.
Kursplassane blir opna straks. Bestillaren fordeler plassane til personlege epostadresser. Kvar deltakar må stadfeste epostadressa si. Tilgangen varer i 12 månader frå bestillinga. Ein plass gjeld éin person og eitt kurs. Kontakt oss ved feil tildeling.
Faktura blir send separat med betalingsfrist 14 dagar frå fakturadato. Ordrestadfestinga er ikkje ein faktura. Fiken blir brukt til manuell fakturering. Ved forfallen, ubetalt faktura kan Vest Tryggleik sperre tilgangen etter skriftleg varsel.
HMS for leiarar er tilgjengeleg på nynorsk og bokmål og inkluderer kurshefte og fem redigerbare malar per målform. Kursbevis krev 12 fullførte modular og minst 20 av 24 rette svar i sluttprøva. Kurset må supplerast med opplæring om reglane, arbeidsprosessane og risikoen i eiga verksemd. Kursa dokumenterer teoridelen. Kursbevis for verktøykursa krev bestått prøve med minst 80 % rette svar. For FSE-nettkurset krevst minst 20 av 24 rette svar og rett svar på alle seks kritiske spørsmål. For brannvernleiarkurset krevst 15 fullførte modular, digital samtaleøving, minst 16 av 20 rette svar og rett svar på alle åtte tryggleikskritiske spørsmål. Praktisk sløkkeøving og lokale evakueringsøvingar inngår ikkje i det digitale kurset. FSE-prisen gjeld berre nettkurset; praktisk førstehjelp blir avtalt og prisa separat. Arbeidsgivar må vurdere, gjennomføre og dokumentere nødvendig praktisk og utstyrsspesifikk opplæring separat. Kurset erstattar ikkje sertifisert sikkerheitsopplæring der dette er kravd.
Dette er eit næringskjøp. Den lovfesta angreretten for forbrukarar gjeld ikkje. Kontakt oss snarast ved feil i bestillinga. Feil ved kurset eller tilgangen skal meldast til post@vesttryggleik.no, slik at me kan rette feilen eller avtale ei løysing. Ufråvikelege rettar blir ikkje avgrensa av vilkåra.
Personopplysningar blir behandla som omtalt i personvernerklæringa. Kursansvarleg og Vest Tryggleik kan sjå tildeling, framdrift og beståttstatus. Kursansvarleg ser ikkje dei enkelte prøvesvara. Last ned kursbevis til eiga dokumentasjon.
Forretningsadresse: Hillestad 57, 5457 Høylandsbygd.
Personvern