
Psykososialt arbeidsmiljø
Oppdatering 2026, frå krav til handling
Korleis førebyggje uheldig tidspress, uklare forventningar og manglande støtte på jobb? Eit praktisk oppdateringskurs om presiseringane frå 1. januar 2026, med kartlegging, risikovurdering og konkrete tiltak.
Kven passar kurset for?
Arbeidsgivarar, daglege leiarar og andre leiarar som allereie har grunnopplæring i HMS.
Dette lærer du
- Kva presiseringane frå 2026 betyr i praksis
- Uklare eller motstridande krav og forventningar
- Emosjonelle krav i arbeid med menneske
- Arbeidsmengde, tidspress, støtte og hjelp
- Kartlegging, risikovurdering og organisatoriske tiltak
- Trakassering, varsling, vald og truslar
Slik er kurset lagt opp
Oppdateringskurs · 8 modular. Fagstoff, praktiske scenario, kontrollspørsmål og sluttprøve. Kurset er på nynorsk og kan brukast på mobil, nettbrett og PC.
Kurshefte og 4 redigerbare malar, med verktøy for lokal oppfølging. Kursbevis dokumenterer gjennomført innhald etter bestått sluttprøve.
Tidsbruk
Rekn med om lag 2 til 2,5 timar til digital gjennomføring, sluttprøve og planlegging av oppfølging. Dette er eit førebels estimat. Lokalt arbeidsmøte og risikovurdering kjem i tillegg.
Få beskjed når kurset opnar
Kurset er under klargjering. Meld interesse, så tek me kontakt når det er klart for påmelding.