Passar for
- arbeidsgivarar og daglege leiarar
- mellomleiarar og driftsleiarar
- HMS ansvarlege og beredskapsansvarlege
- personar med oppgåver innan tryggleik og internkontroll
- verksemder som ønskjer ei felles innføring i HMS og beredskap
Frå førebygging til dei første kritiske minutta
Kva gjer verksemda før noko skjer, og kva gjer de når dei første minutta verkeleg tel?
Ei praktisk innføring i systematisk HMS arbeid, risikovurdering, førebygging og beredskap.
Deltakaren møter realistiske situasjonar frå den fiktive verksemda Fjordtek AS og må fleire gonger ta stilling til spørsmålet:
«Kva ville du gjort no?»
Kurset kombinerer fagleg innhald med situasjonar, val, konsekvensar, forklaringar og refleksjon. Målet er ikkje berre at deltakaren skal kjenne til planar og regelverk, men forstå korleis førebygging og beredskap må fungere i praksis.
Deltakaren møter realistiske scenario og må prioritere mellom eigen tryggleik, varsling, evakuering, første tiltak, skadde personar, sakna personar og informasjon til nødetatane.
Kurset bruker tankeverktøyet:
Situasjonen avgjer rekkefølgja, og fleire handlingar kan skje samtidig. Eigen tryggleik er alltid grunnleggjande.
Kurset inneheld ei praktisk sjekkliste med 24 kontrollpunkt. Deltakaren svarar JA, NEI eller USIKKER og får ei oppsummering av område som bør vurderast nærare.
Sjekklista gir ikkje verksemda karakter og erklærer henne ikkje trygg eller utrygg. Resultatet kan lastast ned og brukast som grunnlag for vidare HMS arbeid.
Kurset blir avslutta med 20 tilfeldig trekte spørsmål frå ein større spørsmålsbank. Beståttgrensa er 80 prosent, og deltakaren kan prøve på nytt utan ekstra kostnad.
Etter bestått test får deltakaren eit personleg kursbevis med namn, verksemd, gjennomføringsdato, kursversjon og unik kurs ID.
Registrer interessa di, så tek Vest Tryggleik kontakt når kurset blir opna for påmelding. Verksemder kan også be om pris på fleire deltakarar eller ein kombinert HMS og beredskapspakke.