Passar for
- Elektrofagpersonell som arbeider med bustadinstallasjonar
- Elektrofagpersonell i lågspenningsinstallasjonar i industri
- Lærlingar, med nødvendig oppfølging i verksemda
FSE for elektrofagpersonell og lærlingar
Kjenn att farane, planlegg arbeidet og vel sikre arbeidsmetodar. Eit illustrert teorikurs for deg som arbeider på eller nær elektriske lågspenningsanlegg.
Sjå innhaldet i kurset
Du arbeider med illustrasjonar, fem scenario og kontrollspørsmål knytte til konkrete situasjonar. Straumgjennomgang, lysboge og brannskadar har ein eigen modul med forklarande bilete.
Ta kurset i fleire økter. Framdrifta blir lagra på kontoen din, og du kan byte mellom nynorsk, bokmål og engelsk undervegs. Eit arbeidsark hjelper verksemda med den lokale gjennomgangen.
Set av om lag 3 timar til teori, oppgåver og sluttprøve. Bruk tida du treng på innhald og oppgåver. Praktisk førstehjelp og lokal gjennomgang kjem i tillegg.
Del opp arbeidet i økter og bruk det du lærer til å vurdere eigen arbeidsplass.
Skilje mellom teori, praktisk opplæring og ansvar i verksemda.
Avklare ansvar og gi ei presis melding når noko er usikkert.
Skilje mellom skademekanismar og forklare kvifor utsjånaden ikkje avgjer alvoret.
Knyte kvar fare til eit konkret tiltak, ansvar og stoppunkt.
Forklare sikkerheitskjeda og kvifor avstilling ikkje dokumenterer spenningsløyse.
Velje rett prinsipp for arbeidsmetode og kjenne grensene for eigen kompetanse.
Oppdage fleire forsyningar og planleggje trygg kundekommunikasjon.
Skilje mellom stopp og isolering og samordne fleire arbeidslag.
Vurdere utstyr, merking, tilstand og behov for praktisk øving.
Vurdere elektriske tiltak og tiltak mot fall kvar for seg og samla.
Prioritere eigen sikkerheit, varsling og livreddande hjelp før behandling av brannskaden.
Avklare vilkår for trygg innkopling og dokumentere dei ulike delane av opplæringa.
Sluttprøva har 24 spørsmål. For å bestå må du ha minst 20 rette og svare rett på alle dei seks kritiske spørsmåla. Bestått teoridel gir grunnlag for eit teoribevis, praktisk førstehjelp og lokal opplæring blir dokumenterte separat.
FSE-opplæringa må tilpassast arbeidet, anlegga og rutinane i verksemda. Arbeidsgivar må sørgje for praktisk førstehjelp, lokal instruksjon og nødvendige øvingar.
Les DSB si rettleiing om førstehjelp i FSE-opplæringa. Kjeldelenker og regelverksreferansar ligg også i kurset.
Me ordnar også praktisk førstehjelp gjennom ein samarbeidspartnar. Ta kontakt om tal deltakarar og kvar de held til, så avklarar me opplegg og pris.
Praktisk førstehjelp er ikkje inkludert i prisen for nettkurset.