Alle kurs / FSE offshore
FSE OFFSHORE · TEORIKURS PÅ NETT

Tryggare elektrisk arbeid.
Offshore.

Lågspenning og førstehjelpsteori for offshorepersonell

Kjenn att farane, avklar ansvar og vel trygge arbeidsmetodar. Eit visuelt teorikurs for deg som arbeider i og vedlikeheld elektriske lågspenningsanlegg på petroleumsinnretningar på norsk sokkel.

12 modularNynorsk · Bokmål · EnglishI ditt eige tempo
Sjå innhaldet i kurset
Offshoreinnretning og lukka elektrisk rom, illustrasjonsfoto
Offshorearbeid krev trygg planlegging, tydelege roller og kontroll med alle energikjelder. Illustrasjonsfoto.
Frå kunnskap til gode val

Kva gjer du når føresetnadene endrar seg?

Ei merking stemmer ikkje med arbeidsordren. Ei ny energikjelde blir oppdaga. Eit anna arbeidslag endrar forholda rundt deg. I kurset møter du realistiske arbeidssaker som krev at du vurderer situasjonen og vel handling.

Kvar modul har bilete eller diagram, tre korte hovudpunkt og ei arbeidssak med to avgjerder. Mellom avgjerdene kjem nye opplysningar. Du får forklaring på vala, og kan opne «Fordjuping» når du vil gå nærare inn i fagstoffet.

Ta kurset i fleire økter. Framdrifta blir lagra på kontoen din, og du kan byte mellom nynorsk, bokmål og engelsk undervegs. Ei sjekkliste og ei ordliste gir støtte til vidare lokal gjennomgang.

Passar for

  • Elektrofagpersonell som arbeider i og vedlikeheld elektriske lågspenningsanlegg offshore.
  • Personell med oppgåver knytte til planlegging, samordning og gjennomføring av elektrisk arbeid på petroleumsinnretningar på norsk sokkel.
  • Personar som skal oppdatere teorikunnskapen sin som del av verksemda sitt opplæringsopplegg.

Kurset føreset relevant grunnkompetanse. Innhaldet må vurderast opp mot oppgåvene og anlegga den enkelte skal arbeide med.

Gjennomføring og tidsbruk

Du gjennomfører kurset på mobil, nettbrett eller PC og brukar tida du treng på fagstoff, arbeidssaker og sluttprøve. Framdrifta følgjer den personlege kontoen din, slik at du kan ta pausar og halde fram på ei anna eining.

Registrer namn og firma ved kursstart. Begge avgjerdene i kvar arbeidssak må vere rette før modulen er fullført. Sluttprøva opnar når alle 12 modulane er gjennomførte.

Dette lærer du om

  1. Trygg heim frå offshore

    Kjenne att risiko ved lågspenningsarbeid og vite kva grunnkompetanse og tilleggsopplæring som trengst.

  2. Regelverk og årleg oppdatering

    Få oversikt over forskriftskrav, rettleiing og lokale krav, og korleis dei inngår i opplæringa offshore.

  3. Roller, ansvar og AFA

    Forstå rolla som ansvarleg for arbeid, avklare arbeidsgrenser og sikre god kommunikasjon og skiftoverlevering.

  4. Planlegging, arbeidstillating og risikovurdering

    Kople arbeidsoppgåva til farar, tiltak og stoppkriterium. Sjå samanhengen mellom arbeidstillating, sikker jobbanalyse og isolasjonsplan.

  5. Barrierar og uventa energi

    Kjenne att fleire forsyningar og lagra energi, og vurdere om tryggingstiltaka gir reell og uavhengig beskyttelse.

  6. Verneutstyr og verktøy

    Vurdere personleg verneutstyr og verktøy ut frå oppgåva, risikoen og tilstanden på utstyret.

  7. Straumgjennomgang og lysboge

    Forstå skilnaden mellom elektrisk sjokk, lysboge og følgjeskadar, og kvifor små synlege merke kan skjule alvorleg skade.

  8. Arbeid på fråkopla anlegg

    Forstå tryggingsstega frå fråkopling og kontroll av spenningslaus tilstand til kontrollert tilbakeføring av anlegget.

  9. Nær ved spenning og arbeid under spenning

    Kjenne grensene mellom arbeidsmetodane, behovet for særskild kompetanse og situasjonar der arbeidet må stoppast.

  10. Offshore, Ex og samtidige aktivitetar

    Sjå elektrisk arbeid i samanheng med prosess, eksplosjonsfarlege område, tennkjelder og andre arbeidslag.

  11. Førstehjelp ved straumulykker

    Lære dei teoretiske prinsippa for eigen tryggleik, lokal varsling, vurdering av pust, HLR og bruk av hjartestartar.

  12. Melding, læring og klar for arbeid

    Forstå varsling og rapportering av hendingar, bruke erfaringar til læring og avklare kva som står att før arbeidet kan starte.

Oppgåver og vurdering

Du tek 24 avgjerder i arbeidssakene før sluttprøva. Spørsmåla krev at du brukar kunnskapen i konkrete situasjonar, og forklaringane hjelper deg å forstå kvifor ei handling er trygg eller utrygg.

Sluttprøva har 24 spørsmål i tilfeldig rekkjefølgje. For å bestå må du ha minst 20 rette og svare rett på alle fire tryggleikskritiske spørsmål. Dersom du ikkje består, kan du repetere fagstoffet og ta ei ny prøve.

Etter bestått prøve får du eit personleg kursbevis for teoridelen, med namn, firma, resultat og kursversjon. Beviset blir lagra under Mine kurs og kan skrivast ut eller lagrast som PDF.

Omfang og avgrensing

Nettkurset omfattar teori for arbeid på elektriske lågspenningsanlegg på petroleumsinnretningar på norsk sokkel, inkludert førstehjelpsteori. Praktisk førstehjelp med HLR inngår ikkje i det digitale kurset.

Kurset gir ikkje i seg sjølv utpeiking som ansvarleg for arbeid, arbeidstillating eller kompetanse til arbeid under spenning. Det omfattar ikkje høgspenning, maritime særreglar, havvind eller fullstendig opplæring for eksplosjonsfarlege område.

Kursbeviset dokumenterer bestått teori. Praktisk trening, lokale prosedyrar og nødvendig kompetanse for oppgåva må følgjast opp og dokumenterast separat.

Systemkrav

  • Mobil, nettbrett eller datamaskin med oppdatert Chrome, Edge, Firefox eller Safari.
  • Internett, JavaScript og informasjonskapslar for innlogging må vere aktiverte.
  • Lyd, kamera og mikrofon er ikkje nødvendige.
  • Bruk utskriftsfunksjonen i nettlesaren for å lagre kursbevis og sjekkliste som PDF.

Kva må verksemda gjere i tillegg?

Verksemda må tilpasse opplæringa til dei elektriske anlegga, arbeidsoppgåvene, risikoen og rutinane på innretninga. Det omfattar mellom anna lokal organisering, arbeidstillatingar, isolering, varsling og samordning med andre aktivitetar.

Praktisk førstehjelp med HLR, nødvendige øvingar og lokal instruksjon må gjennomførast og dokumenterast i tillegg. Kursbeviset bør inngå saman med denne dokumentasjonen i verksemda si kompetanseoversikt.

Kjeldelenkjer og regelverksreferansar ligg i kurset, saman med forklaring av offshoreavgrensingane.

Teori og praktisk trening

Treng de også praktisk førstehjelp?

Me ordnar praktisk førstehjelp gjennom ein samarbeidspartnar, etter avtale. Ta kontakt om tal deltakarar, arbeidsoppgåver og kvar de held til, så avklarar me eit relevant opplegg og pris.

Praktisk førstehjelp er ikkje inkludert i prisen for nettkurset.