Gratis beredskapstest

Kor godt førebudd er verksemda di?

Svar for éin arbeidsstad om gongen, ut frå korleis de jobbar i dag. Testen passar særleg for verksemder med tilsette og faste arbeidslokale.

12 spørsmålOm lag 3 minuttUtan innlogging
Slik blir vurderinga laga

Dette er Vest Tryggleik sin enkle vurderingsmodell. «Ja, på plass» gir 2 poeng, «Delvis» gir 1 poeng, og «Nei» eller «Veit ikkje» gir 0 poeng.

Varsling og rømming tel særskilt fordi manglar her kan få store følgjer. Fargen er ei hjelp til prioritering, ikkje ei offentleg grense eller ein garanti for tryggleik. Tilpass vidare arbeid til verksemda, menneska og risikoen dykkar.

Svara blir berre brukte i denne opne sida og blir borte når sida blir lasta på nytt. Ingen svar blir sende til Vest Tryggleik før du sjølv sender ein førespurnad. Me tel anonymt kor mange testar som blir starta og fullførte, utan å lagre svar eller resultat. Teljinga brukar ikkje informasjonskapslar. Les om personvern og teljing.

Fagleg bakgrunn: DSB si rettleiing om brannførebygging og Arbeidstilsynet om førstehjelpsutstyr og opplæring.